Globalisthaug
Norske parti er ikkje bygt på medlemsdemokrati, men på medieposisjonering og statsstøtte. Dei er kontrollert frå toppen – medlemmene får sleppa til som ved- og vassberarar etter at den politiske kursen er sett. Har du lyst til å driva dugnad for broilarane på toppen, er du hjarteleg velkomen.
Færre og færre gidd å bry seg – medlemstalet i norske parti er halvert sidan eg byrja interessera meg for politikk. Fleire og fleire gjer som meg: Dei pakkar saman sysakene, og overlet partivesenet til dei profesjonelle. Imens mistar partia det grunnlaget dei før var bygt på: Program, prinsipp, organisasjon, vedtak. Erik Solheim kunne som partileiar avlysa SV-s prinsipprogram frå baksetet i ei drosje.
Kva er då poenget med å vedta program?
Ei av dei som har hatt næringsvett til å gjera politikken til leveveg, er Sylvi Listhaug. Flink dame, utan prinsipp. Som poteten passar ho til alt. Som då ho samla veljarar i bøtter og spann då ho for på innvandringspolitisk harrytur til Sverige for nokre år sidan. Og samla inn veljarar til meir liberalisering, mindre nasjonal styring.
Ho kler absolutt rolla som offentleg talskvinne for eksklusjonen av Geir Ugland Jacobsen. Den andre utgåva av FrPs smilande Janusandlet. Kommentarfeltproletariatet kan rasa – men dei deltek i eit spel der dei ikkje har anna å bidra med enn eiga avmakt.
Skjeldent har det blitt tydeligere. Den selvstendige borgers egen tenkning betyr ingenting, hvis den forstyrrer maktapparatet. Jeg var blind til dags dato. Men så ble Geir Ugland Jacobsen ekskludert. Det sentrale FrP har satt hans partigruppe Oslogruppen under administrasjon; pinligere kunne det ikke ha vært. Det har skjedd i 2020. Vi skulle trodd at dette var middelalder. Hva med å sette mannen opp i gapestokk i romjula, Siv Jensen og Globalisthaug? Toppfoto, herfra.