Døyr det, så døyr det av Hans Olav Brendberg6 min read

Now Reading
Døyr det, så døyr det av Hans Olav Brendberg6 min read

Læreren Hans Olav Brendberg er blant folk som tenker gjennom tingene. Det er veien å gå for å få sannferdig orientering, han går. Det egner seg for oss andre å ha som forbilde. Det er vår vandring på den evig dannelses vei mot målet å bli utdannede, et mål vi aldri når frem til; en vei vi alltid vil befinne oss på; bevissthetens vei. Vi kan, sammen med hans formuleringer som fanger opp lysglimtene, se veien lyse opp han har gått langsetter. Her er hans tanker om vaksiner (hentet fra Facebook, her).

Vaksine

Ein av grunnane til mange slag forvirring, er at vaksine i praksis er to ulike ting – og om vi ikkje skil mellom desse to tinga vil offentleg diskusjon gå i hytt og pine.

Vaksine kan vera ei målretta forebyggjing, sikta inn mot grupper som har auka risiko for smitte og sjukdom. Eg har tatt vaksine for å unngå sjukdom overført med flått. Sidan eg får ein god del flåttbitt i ein normalsesong, er det naturleg å vaksinera seg for å redusera slik risiko. Folk som sjeldan eller aldri blir bitt av flått, treng ikkje denne vaksinen. Likeeins med influensavaksine: Det er ein vaksine for eldre og andre med helseproblem som gjer dei utsette for alvorleg sjukdom i samband med influensa. Men av og til brukar vi ikkje vaksinar på pasientar, men på populasjonar. Dette er dei vaksineprogramma vi har treft på som småbarnsforeldre og i skulegang. Vi vart vaksinert mot tuberkulose, det programmet vart lagt til sides for nokre år sidan. Men framleis blir barn vaksinert mot meslingar, polio og andre sjukdomar.

Slik massevaksinering brukar vi mot svært smittsame sjukdomar, som går som epidemiar i befolkninga. Når vi først massevaksinerer, er det viktig å få stor nok oppslutning til at sjukdom ikkje spreier seg epidemisk. Vaksine er ikkje risikofritt, særleg ikkje vaksinar som er utvikla under sterkt tidspress. Den BCG-vaksina vi fekk i skulen gav av og til biverknader – men vaksina var utprøvd over mange tiår, og risikoane var velkjende. Dei vaksinane som no blir tilbydd mot covid-19 kjem rett frå forserte forskingsprogram, der det finst store, økonomiske insentiv knytt til å kutta svingar, og vera først over målstreken. Vaksinane er sikkert i hovudsak trygge. Men dette er ikkje velprøvde vaksinar av same slag som MMR-vaksinen og andre som vi normalt møter i vaksineprogrammet. Under svineinfluensaen for ti år sidan vart det sett i gang massevaksinasjon. Seinare viste det seg at vaksinen hadde biverknader som ikkje var kjende på førehand, og ein god del vaksinerte fekk narkolepsi. Covid-19 kan føra til alvorleg sjukdom, og død. Dei som er mest utsett for dette er eldre, og folk med helseplagar som aukar risiko. Slike grupper bør sjølvsagt få tilbod om vaksine. Risikoen er røynleg, og det er dokumentert vaksinane har effekt når det gjeld å redusera risikoen for alvorleg sjukdom. Men er det i dag sterke argument for massevaksinering med ein vaksine som er utvikla på rekordtid? Bør tjueåringar med svært liten risiko for å utvikla alvorleg sjukdom ta vaksine – med den risikoen som følgjer med dette? Vi massevaksinerer ikkje mot flåttbore sjukdom – avdi veldig mange aldri blir bitt av flått. Då er det ingen vits i å utsetja seg for risikoen og ulempene knytt til vaksinering, når ein likevel ikkje er utsett for risiko for sjukdom.

Her ligg det grunnleggjande spørsmålet som ikkje har vorte veldig opplyst i offentleg debatt: Medan byrjinga av vaksinasjonsprogrammet er godt grunngjeve, blir denne grunngjevinga tynnare og tynnare etter kvart som ein skal vaksinera dei som i liten grad risikerer alvorleg sjukdom og død i samband med denne sjukdomen. Dette kan til sjuande og sist bli eit spørsmål som kokar ned til: «Kvifor ta unødig risiko»? Hadde ein tenkt meir slik i samband med svineinfluensaen, ville fleire unngått biverknadene. Det andre spørsmålet er dette: Kva er det vi freistar oppnå med massevaksinering? Journalistar og andre som ikkje har sett seg inn i sakene, hevdar at vi kan oppnå å utrydda sjukdomen. Men det er faktisk berre to sjukdomar som er utrydda med vaksine – og berre den eine, koppar, er ein sjukdom som smittar menneske. Det er svært lite som tyder på at vi utryddar covid-19 med vaksine. Om vi ikkje utryddar sjukdomen, vil han rulla og gå, slik virussjukdomar gjer. Og då er planen? Har styresmaktene kommunisert ein tydeleg plan – kva er det vi forsøker å oppnå? Om vi ikkje har noko avklart mål med det vi held på med, kjem vi heller ikkje til å nå dette ikkje-eksisterande målet. I mange år har ein i populærkulturen drive agitasjon mot sokalla «antivaxxere». Og eg har trekt på skuldrene – vaksinasjon er ein viktig del av helsesystemet vårt, og noko eg er tilhengar av. No ser det ut til at denne tjørekosten kan brukast mot alle slags folk – også slike som Anja Zanjani, som er lækjar og tilhengar av vaksine når dette er eit eigna middel.

Det kan godt henda at Zanjani tek feil – eg har ikkje tilstrekkeleg kompetanse på fagfeltet til å vurdera det ho skriv. Men fagfolk har plikt og rett til å uttala seg om faglege spørsmål, og lækjarar skal uttala seg ut frå eigen kompetanse og eige skjønn. Høgt kvalifiserte profesjonar skal ikkje kles i tvangstrøye – særleg ikkje i ein situasjon der det er grunn til å diskutera måla med politikken som blir ført. Og ikkje minst: Kvar dei politiske initiativa kjem frå. For mange år sidan var eg sekretær i ein organisasjon her i fylket. Dette var etter at faksen for alvor hadde gjort sitt inntog, og alle styremedlemene hadde kvar sin faks. Før telefonmøte vart saksdokument og liknande sendt ut på faks. Men ein av styremedlemene vart veldig plaga med å få denne maskinen til å fungera – og erklærte høglytt at han hadde god lyst til å «trø etter» maskinen som sto der å jamra, utan å få noko papirstrimle ut.

Eg freista forestilla meg korleis det såg ut når du «trødde etter» ein faks, og kom fram til at det ikkje var ein glimrande ide. Ein like dårleg ide vil det vera om styresmaktene no freistar «trø etter» for å få folk til å vaksinera seg – med sanksjonar mot dei som vel å ikkje gjera det. Nokre yrkesgrupper er sjølvsagt i ei særstilling. Men generelt er det ingen grunn til å trø etter eit vaksinasjonsprogram. Men kva om nokon som ikkje vaksinerer seg blir sjuk og døyr? Då er det berre å seia som dama som skulle smugla eit ungt stinkdyr ho hadde vorte glad i frå Nord-Amerika til Noreg. Planen var å ha dyret under skjørtet, mellom føtene. Ein av venene spurde: «Men blir det ikkje veldig stygg lukt?»

«Jo kanskje. Døyr det, så døyr det.»

About The Author
Sven-Inge Johansen
Gode tanker og gode følelser betyr mye, fordi det virker velsignende på både den som gir og den som får. Men ikke bare å ta vare på andre er vesentlig, å være tålmodig med seg selv er avgjørende. Husk vi er mange under dronning Victorias (1819-1901) tunge åk. Kan jeg inspirere til engasjement, slik at vi mange små sammen kan velte betydelige lass, f.eks. bidra til at psykopatene mister kontrollgrepet over våre samfunn, er ingenting bedre enn det. Så kan vi i fremtiden slippe de store sosiale ulykker vi står oppe i idag, i 2020/2021 og få leve fruktbart med hverandre. Hvis du har lyst å bidra, vipps gjerne til 41743388 eller send til sven-inge johansen, konto 9722 17 58963. ...akkurat nå før påsken fikk jeg vite følgende: Jeg fikk den ære å bli satt i samme klasse som mange andre fremragende krigere for sannhet, folk jeg beundrer meget; Paypal har varslet at jeg "bryter PayPals retningslinjer for akseptabel bruk" og at de avslutter min konto: Vel, jeg kan bare oppfordre våkne folk til å holde seg vekk fra Paypal; de har foretatt et valg; sensurens kalde og klamme hånd har slått til.
Comments
Leave a response

Leave a Response